Hovudstrukturen for prosjektorganiseringa (fig.)

Fellesnemnda er sett ned av dei to kommunestyra og er sammenslåinga sitt øverste politiske organ. Fellesnemnda skal ta stilling til alle prinsipielle forhold i samanslåingsprosessen fram mot 1. januar 2020. Det sitt 12 folkevalde representantar (6 frå Eid og 6 frå Selje) i fellesnemnda.

Partssamansett utval er fellesnemnda sitt utval for handsaming av prinsipielle saker som gjeld forhold mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Det partssamansette utvalet gjev fråsegn i saker som omhandlar overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga. Utvalet består av fellesnemda og hovudttillitsvalde frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet i begge kommunane. 

Administrativ styringsgruppe er øverste administrative organ og består av rådmennene i Eid og Selje, prosjektleiar og økonomisjef for prosjektet STAD2020. 

Prosjektgruppa er sett saman av prosjektleiar, prosjektkoordinator, prosjektmedarbeidar med ansvar for informasjon og kommunikasjon, leiarane for delprosjekt og tillitsvalde.