Delprosjekta sine roller er kort sagt å gje Stad kommune eit innhald. Dei overordna rammene er lagt, Stad kommune skal som dagens kommunar ha følgjande roller:

Samfunn.png

Sjølv om hovudstrukturen for kommunane er lagt, så er det likevel eit stort handlingsrom når det gjeld organisering, val av satsingsområde i gitte periodar og så vidare.

Inndelinga av delprosjekta, som er vist i figuren nedanfor, følgjer ikkje den standardiserte sektorinndelinga som kjenneteiknar kommunane i dag, og det er ein årsak til det. Arbeidsdelinga som sektorinndelinga gjev har sine fordelar ved at komplekse og store oppgåver blir delt inn i handterlege deloppgåver. På den andre sida så ønskjer mottakarane av dei kommunale tenestene det heilskaplege produktet fordi det er summen av alle nødvendige offentlege tenester som gjer at eit lokalsamfunn vert opplevd som attraktivt og trygt i alle livsfasar og ved ulikt hjelpebehov. Skal tenesta bli heilskapleg må delane fungere saman, og ein organisasjon sin effektivitet kjem då ikkje berre an på kor godt den spesialiserer, men også kor godt den samhandlar18. Å nytte andre omgrep enn dei standardiserte sektoromgrepa, skal hjelpe oss med å løfte blikket og setje dei ulike tenestene inn i ein større samanheng, fordi «alt heng saman med alt».

Ved å ta med årstalet 2020 signaliserer vi at ikkje skal planlegge organisasjonen ut frå den verda vi kjenner i dag – men at vi skal ha visjonar, vere kreative og tore å planlegge for nyskaping og endring.
 

Modell-delprosjekt.JPG

Rammene for arbeidet i delprosjekta inngår som ein del av prosjektet Stad 2020, og det endelege styringsdokumentet vil inngå som ein del av prosjektplanen når det er vedteke. Det vil bli ein del av oppdraget til arbeidsgruppene å gje endeleg innhald til delprosjekta, men det er likevel føremålstenleg å gje ei viss retning for kva tematikk og tenester som er tenkt å sortere under dei enkelte delprosjekta. Endeleg val av innhald må gjerast ved utforminga av rammene for delprosjekta.