Samansetjing av styringsgruppe
Prosjektleiar/rådmann Åslaug Krogsæter, leiar
Rådmann Ørnulf Lillestøl, nestleiar
Økonomisjef Ole Starheim

Oppgåver

  • Gjennomføre eit kartleggingsarbeid, som tek for seg område for område, og finne ut korleis ulike tenester og arbeidsoperasjonar er organiserte, IKT-programvare/infrastruktur, ressursinnsats og standard på tenester, behov for endringar, eigarskapsinteresser, inngåtte avtalar, interkommunale samarbeid, personalpolitiske retningsliner m.v
  • Utarbeide bemanningsplan for den nye kommunen
  • Prioritere å få på plass toppleiarstillingane slik at dei kan delta aktivt i utforminga av den nye kommunen
  • Utarbeide framlegg til lokalisering av funksjonar/stillingar med utgangspunkt i den vedtekne intensjonsavtalen mellom dei to kommunane
  • Ha administrativt hovudansvar for arbeidet med omstilling og samanslåing av Eid og Selje
  • Ha hovudansvar for utforming av prosjektplan, utarbeiding av tidsplan for arbeidet og syte for at prosjektet med samanslåing blir gjennomført
  • Utarbeide prosjektbudsjett og søkje eksterne midlar til samanslåingsprosjektet
  • Førebu møte og utgreie saker til fellesnemnda og partssamansett utval
  • Syte for at aktuelle tema blir utgreidde og "fasa" inn i prosjektet
  • Opprette arbeidsgrupper / ad-hoc utval etter behov innanfor sektorar/einingar/tenester der dette er ønskjeleg. Det skal være medlemmer frå begge kommunane i kvar gruppe.
  • Overføre personale til den nye kommunen. Overføringane skal gjennomførast i samarbeid med tillitsvalde og i samsvar med gjeldande lov og regelverk for verksemdsoverdraging.